Nyheter
Reis og Ryk
Prosjekt
Deltakere
Kalender
Apriori AS


English
Brukernavn:
Passord:
Glemt passord?


Karl Ryberg,Monocrom
Foto: Cecilie Utne


27.02.2012
LYSTERAPI I STOCKHOLM
Forfatter: Cecilie Utne

Cecilie Utne, som til daglig arbeider med lysterapi, har gjennom Reis & Ryk fått muligheten for to ukers hospitering hos Karl Ryberg, en av de fremste ressursene i Skandinavia innenfor dette feltet.

Her kan du lese reisebrev fra Cecilie:

Reisa frå Askvoll, via Bergen, gjekk utan problem, og eg kom fram til hotellet mitt på kvelden torsdag 16. februar. Eg bur på eit flott hotell i nærheten av gamlebyen, med eit fint basseng som eg bruker så ofte eg kan. Deilig å kunne avslutte travle og innhaldsrike dagar med eit beroligande bad!

Fredag, rett etter frokost, bar det til Monocrominstituttet for å helse på Karl Ryberg, grunderen bak Monocrommaskinane. Det var utrulig kjekt å treffe han igjen, sist gong eg såg han var i forbindelse med kursa eg tok når eg utdanna meg til lysterapaut i 1992. Han har sidan den gong opparbeidd seg endå meir kunnskap som han vil dele, han er ein flott formidler, og det er lett å la seg bli riven med når han set i gong på sitt vekjente entusiastiske vis. Etter dette har eg tilbrakt kvar dag på instituttet hans. Har fått eit unikt innblikk i korleis dei jobbar med lys, både når det gjeld sjølve behandlingane og når det gjeld det organisatoriske og administrative. Mange gode tips som eg vil ta med meg vidare!

Har også truffe professor Fredrik Lubbing som holdt eit foredrag på "Nordiskt symposium" om lys og helse. Der var vi mellom 35 og 40 personar. Eg trefte mange kjekke mennesker med tilsvarande jobber og/eller interesser som eg har. Har nok knytta kontakter som vil føre til mykje interessant framover. "Nordisk Symposium" kjem også snart til Bergen med foredrag og kurs.

Eg har også brukt mykje tid på å studere og lese om den siste forskninga innan lysterapi, og å sette meg inn i oppbygginga og bruken av den nye maskina som er LED lys (reinare lys og slepp vannkjøling). Instituttet har eit eige bilbliotek som er ein uttømmeleg kilde til interessant lesning! For meir informasjon om Monocrominstituttet sjå www.monocrom.se

Eg har ikkje vært i gamlebyen enda, tida tida har gått så fort. Ryberg har lova meg ein guida tur før eg reiser heim. Det gler eg meg til! Alltid kjekt å bli kjent med stader slik lokalbefolkninga kjenner det.

No er det berre ei veke igjen. Skal blant anna møte igjen fleire av dei eg vart kjent med på Symposiet, besøke ein fabrikk som lagar massasjelys, gå på skattejakt i biblioteket og ha lærerike diskusjoner på instituttet.

Ellers er her vår i lufta.

Masse lys og fargerike helsinga fra Cecilie


TILBAKE TIL NYHETER