Nyheter
Reis og Ryk
Prosjekt
Deltakere
Kalender
Apriori AS


English
Brukernavn:
Passord:
Glemt passord?




6.10.2008
REIS OG RYK OVER GRENSA TIL BRODERFOLKET.

Reisebrev i fra Jorid Vale som har besøkt Jamtli Historieland i Østersund, Sverige.

Hei frå Jamtli Historieland i Östersund Sverige.

Det nermar seg slutten på eit fint studieopphald her i Jämtland. Eg kjörer snart mot Norge via Röros og heim til Telemark og Norsk Eplefest på Gvarv 27. september. Har hatt med meg fleire kasser av årets solmogne frukt frå "Nordens paradishage" i enden av Norsjö. Dei er delt rikeleg ut på vegen om Trondheim og hit. Eplet har vore ein positiv og sanseleg kontaktskapar. Dei fleste eg har mött her i Sverige skulle ynskje dei framleis var ein del av Norge.
Dette museet og heile området har fleire samarbeidsprosjekt over grensa. Derfor var eg först innom Sverresborg i Trondheim og mötte museumspedagogen der. Jamtli Historieland var först ute i Norden med levande historieformidling på friluftmuseet retta mot barn og familiar. I dag er det pensjonist-fest for "Mor Museum" her, Ulla Oscarsson som har jobba her siden 1974 og utvikla denne levende historieformidlingen. Hun er også eksperten på museets mest verdifulle gjenstand Överhogdalsboderna. Dobbelvevde billedtepper frå Vikingtida ca år. 900.
Eg bör reise tilbake hit til sommaren og få oppleve meir enn 150 personar i roller med tidsriktige klede i dei ulike bygningsmiljöa. Nå har eg fått sett innsida av virksomheten og vore med på undervisningsopplegg og open förskola i museumshus. Her er mange idear som kan omformast til min verkeleghet frå eit stort Länsmuseum med 130 ansatte til Evju Bygdetun Sauherad med bare meg i lönna stilling men med omlag 100 dugnadsfolk og ivrige tradisjonsbärarar. Det gode er at eg har fått bekrefta ein del av det eg sjölv brenn for og gjer samtidig som eg ved å reise hit har sett nye muligheter i min sammenheng.


Takk for muligheten til å reise hit og oppleve dette gjennom Reis & Ryk prosjektet.

Vennleg helsing Jorid Vale
Museumstyrar Evju Bygdetun Sauherad

TILBAKE TIL NYHETER