Nyheter
Reis og Ryk
Prosjekt
Deltakere
Kalender
Apriori AS


English
Brukernavn:
Passord:
Glemt passord?


Kari Bø Wangensteen


4.06.2008
REIS OG RYK OVER NORDSJøEN

Kari Bø Wangensteen har kommet tilbake fra opphold i Skotland. Her har hun lært om friluftsaktiviteter for barn i barne - og ungdomsskole alder.

REIS OG RYK OVER NORDSJØEN
Endeleg kom tida då ein lang prosess som starta våren 2007, kunne fullførast. Mitt hovudmål med utreise var å hente tips og idear til pedagogiske og praktiske utandørsopplegg og organisering og marknadsføring av desse, og dermed fall valet mitt på Scotland.
Ein vakker vårdag i mai letta flyet frå Flesland, og under to timar seinare landa eg i Aberdeeen. Etter litt høgre – venstre- synsing for å finne rett drosjekø, rykka eg fort fram i køa til ein hyggeleg sjåfør som køyrde meg til næraste togstasjon for tur vidare. Togturen nordover med Scot Rail gjekk gjennom trivelege landsbyar og eit landskap av enorme jordbruksareal så langt auga rakk å sjå. Åkrar der det om ei tid skulle vekse både dyrefor, kveite og bygg. Bygg vart brukt til mellom anna whiskyproduksjon, og whiskytønner låg stabla i hopetal nær enkelte tettstader. Mange bønder hadde gått over frå kyr – til korndyrking eller sauehald, så sauer gjekk og beitte overalt.
Ein interessant togtur nordover i det scotske høglandet tok slutt, og ein rørsleg herremann stod på togstasjonen for å ta meg med til buplassen min dei neste dagane. På ein fredeleg plett midt i frodig scotsk natur og to mil frå næraste busshaldeplass skulle altså mitt «Reis og Ryk-opphald» gjennomførast.
Omvising i hovudhuset og møte med vertinna ga eit godt fyrsteinntrykk. Spanande, tenkte eg då omvisinga enda i ei stor campingvogn like ved hovudhuset. Og eige stove, kjøken, bad og soverom. Ja, opphaldsromma delte eg med ein kvinneleg student frå Edinburgh som budde der nokre månader som eit ledd i si utdanning innan friluftsliv.
Fyrste morgonen vakna eg opp til ein «syns-synd-på meg-sjølv dag» med tette øyro etter flyturen, rennande nase og verk i skrotten. Heimlengselen meldte seg etter ei natt! Men etter frukost og ei omvisingsrunde på uteområdet med aktivitetsleiaren steig humøret. Eg snørra meg gjennom dei fyrste dagane og tenkte det var godt eg ikkje skulle arbeide på kjøkenet, men vera ute heile tida. Finveret heldt seg under heile opphaldet, og så budde eg billeg! Så det blei berre betre og betre etter som dagane gjekk.

Fyrste veka var to skuleklassar med sine lærarar frå ei øy utanfor Scotland på senteret for opphald og uteaktivitetar. Aktivitetane stod mellom anna av klatring i svære tre, hinderløyper i skogen, kanopadling og flåtebygging, fritt heng i taljer, bogeskyting, orientering, dagstur i nærområdet, paintball osb. Andre veka kom ei ungdomsgruppe som foretok undersøkjingar i området saman med eigne leiarar. I tillegg kom det inn ulike grupper av både ungar og vaksne folk på dagsbesøk til diverse opplegg, enten for ein heil eller ein halv dag. Sjølv vart eg skiftevis medhjelpar og deltakar på ativitetane gjennom opphaldet mitt på senteret og fekk god innsikt i deira måte å jobbe på. Det vart ofte lange dagar då uteaktivitetane krevde mykje førebuing og etterarbeid.
Notatblokka var flittig i bruk for mange nyttige tips og idear som gjaldt alt frå lagring av utstyr til pedagogiske opplegg og instruktørane sin leiarstil. Bestemte, blide og humoristiske leiarar, med utdanning innan friluftsliv og/eller spesielle utandørsaktivitetar, la stor vekt på kunnskap og tryggleik. Kvar kveld skreiv eg logg, loggskriving ofte kombinert med TV-titting. Med ein engelsk student i campingvogna, vart det mange amerikanske filmar på tv før vi la oss. Ikkje minst var det artig å kunne praktisere det engelske språket i så mange dagar.
Med venstrekøyring våga eg ikkje å køyre bil sjølv, men eg sykla mykje rundt i nærområdet og til dei næraste tettstadene på fritida. Eg fann gjerne grusvegar og mindre trafikkerte vegar å sykle på, og der var det lett å koma i kontakt med lokale folk. Det hende eg stoppa for å spørje om vegleia eller andre ting, og då kunne det bli lange pauser med prat om alt frå blomster i hagen til drøfting av EU.
Gjennom gode avtaler med personalet kunne eg kome meg til og frå busshaldeplassen og slik også få nokre turar med buss og tog til andre stader. På desse turane fekk eg idear å ta med heim både til arbeidsplass og til eigen kommune generelt. Ein av turane gjekk til Aviemore. I Aviemore var likskapen stor med omsyn til folketal, plassering og utfordringar. Denne vesle fjell-landsbyen ved foten av Cairngormfjella hadde auka folketalet sitt frå 200 til over 2000 fastbuande på eit tiår gjennom utnytting av fjellområda. Det var noko å ta med heim til Vang og Valdres!
Og ikkje minst inspirerte Scot Rail til filosofering over jernbaneutbygging. Tenk om vi kunne hatt jernbane gjennom Valdres til Sogn eller til Hallingdal og Gudbrandsdalen. Togstrekningar som kunne avlaste biltrafikken og lette framkomsten både for fastbuande og turistar! Ja, det er lov å drøyme.

Etter lærerike og inspirerande dagar greidde eg akkurat å koma meg heim før flystreiken på Flesland.
Reisebrev skulle eg ha sendt under opphaldet, men dagane flaug av stad, så difor får de ei lita reiseskildring etterpå i staden.

Mange takk til Apriori for rettleiing og støtte i ein lang prosesss som enda bra. Og mange takk til Valdres Destinasjon for at eg fekk lov til å delta på Reis og Ryk. Eit slikt opphald er absolutt å tilrå for andre!
Helsingar frå Kari Bø Wangensteen

TILBAKE TIL NYHETER